#49: Korleis lukkast med endringsarbeid i ein hektisk barnehagekvardag?
Læringsmiljø i skole og barnehage – UiS podkast · Universitetet i Stavanger
Beskrivelse
Korleis får ein til varige endringar i ein travel barnehagekvardag – der tida strekk ikkje alltid til, og gode intensjonar ofte stoppar opp? I denne episoden av Læringsmiljø i skole og barnehage utforskar vi kvifor endringsarbeid kan vere krevjande, og kva som faktisk skal til for å lukkast. Programleiar Maria Gilje Strand snakkar med universitetslektor Anne-Lene Skog Dahl, som har lang erfaring frå barnehagesektoren. Med utgangspunkt i praksisnære døme forklarar ho korleis små, konkrete grep i kvardagen kan utgjere ein stor forskjell for barn sitt læringsmiljø og opplevinga av å ha det trygt og godt. Episoden gir innsikt i kvifor det er avgjerande å halde fram med utviklingsarbeid – også når det er travelt – og korleis ein kan arbeide systematisk, steg for steg, utan at det blir overveldande. Dette er ein episode for alle som jobbar i barnehage, og som ønskjer å styrke både praksis og fellesskap i møte med barn. Transkripsjon av episoden