Spring til indhold
2019-kavalkade, Sp-glis og fjellovergangar - Nokon må gå

2019-kavalkade, Sp-glis og fjellovergangar

Nokon må gå · Bergens Tidende

3. januar 2020 41m
0:00 41m

Beskrivelse

Årets første utgåve av «Nokon må gå» handlar mest om fjoråret. 2019 var på mange måtar året der det rakna for både bergenspolitikken og samfunnsdebatten. – Alt vart berre vill vest i Bergen, endå meir enn før, seier Gerd Tjeldflåt, politisk journalist i BT om kommunevalet. 2019 var òg eit år der samfunnsdebatten gjekk på nokre smellar. Det vart blant anna storm av at Siv Jensen sa at Frp skulle «knuse disse jævla sosialistene». – Sånt har heile dette året blitt prega av, at ikkje-saker blir til megasaker, seier Jens Kihl, kommentator i BT. – Det at ein viktig person seier noko, gjer ikkje saka viktig, seier kommentator Morten Myksvoll. Det vert òg lansert eit nyttårsforsett for mediebransjen.  Programledere: Morten Myksvoll, Gerd Margrete Tjeldflåt og Jens Kihl  Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: BT og NTB

Andre episoder fra Nokon må gå Se alle episoder →