Spring til indhold
Episode 42: Korleis meistre god klasseleiing? - Læringsmiljø i skole og barnehage – UiS podkast

Episode 42: Korleis meistre god klasseleiing?

Læringsmiljø i skole og barnehage – UiS podkast · Universitetet i Stavanger

19. december 2025 37m
0:00 37m

Beskrivelse

Lærarar har meir å stri med enn nokon gong – mange er sletne og fleire endar opp med å slutte i jobben. Kan god støtte til klasseleiing være ein del av løysinga for å få fleire lærarar til å bli i jobben? Og kva rolle kan interaksjonar mellom lærar og elev ha når det kjem til dette? Denne episoden av podkasten «Læringsmiljø i skole og barnehage» handlar om klasseleiing. Med seg i studio har programleiar Maria Gilje Strand fått med seg professor Sigrun K. Ertesvåg og førsteamanuensis Grete Vaaland frå Læringsmiljøsenteret, UiS. I episoden vert det også lagt fram resultat frå det nye og spanande forskingsprosjektet INTERACT, som handlar om nettopp klasseleiing og interaksjonar.   Andre tema som vert diskutert i denne podkasten er: – Korleis kan ein få til god klasseleiing, og kva utfall kan god støtte til klasseleiing få? – Kan god klasseleiing få fleire lærarar til å bli i jobben? – Kva rolle kan kvaliteten på interaksjonar spele når det kjem til klasseleiing?

Andre episoder fra Læringsmiljø i skole og barnehage – UiS podkast Se alle episoder →